Fram mot Kvinnherad2050

I Kvinnherad har vi det meste: Trivelege lokalsamfunn, gode sentrumsområde, trygge bumiljø, variert næringsliv, folk med pågangsmot, kultur, spektakulær natur og enorme naturressursar. Vi har alle moglegheiter til å lukkast, men då treng vi gode planar for framtida. Så korleis skal vi sørge for at vi har det slik og meir til i til dømes år 2050? Nettopp, gjennom plan. 

Om Kvinnherad2050

Kvinnherad kommune er  i gang med oppdatering av kommuneplanen – den overordna og største planen for all samfunnsutvikling i kommunen vår. Vi har valt å kalla planarbeidet Kvinnherad 2050. Kvinnherad2050 skal synleggjera at kommuneplanlegging handlar om framtida; langsiktigheit og heilskap, og at vi gjennom dette arbeidet skal svara på korleis Kvinnherad kommune skal sjå ut i 2050.

Heimesida Kvinnherad2050 er ein stad som skal informere, og ikkje minst engasjere menneske i og utanfor Kvinnherad til å vere med å forme kommunen vår på ein positiv måte. Her unngår vi mest mogleg snakk om heimlar og keisame prosessar, og fremjar heller positivt engasjement og moglegheiter. Korleis skal vi gjere Kvinnherad kommune attraktiv, frisk og grøn?

  • Korleis kan Kvinnherad vere ein attraktiv kommune?
  • Korleis skal Kvinnherad oppretthalda ein berekraftig folkesetnad?
  • Korleis leggje til rette for verdiskaping og arbeidsplassvekst?
  • Korleis sikre oss gode næringsareal for framtida?
  • Korleis planlegge bustadbygging?
  • Korleis skape trygge og gode oppvekstvilkår?
  • Korleis ta vare på og utvikle gode kultur-, idretts- og fritidstilbod?
  • Korleis kan kommunen leggje til rette for aktiv transport for alle? 
  • Og kva med trygg skuleveg?
  • Korleis kan ein utvikle og bygge ut fornybar energi? 
  • Korleis får ein til eit attraktivt, friskt og grønt utbyggingsmønster? 

Den nye kommuneplanen vil ha stor innverknad på framtida til alle som bur her. Vi må tora å tenkja stort. Vi må òg finna den gode balansen som opnar moglegheiter for vekst og utvikling av lokalsamfunn, næringsliv og eigedomar – samtidig som vi tar vare på kvalitetane ved urørt natur.

Denne balansen finn vi best i eit godt samspel mellom innbyggarar, næringsliv, folkevalde, og kommuneadministrasjon.

Vi kvinnheringar har til felles at vi alle har valt å satsa på eit liv i Kvinnherad. La oss saman delta i denne felles dugnaden for ein ny kommuneplan – ein plan som i enda større grad realiserer slagordet til kommunen: «Fellesskap og trivsel – utvikling og vekst»!

Kontakt oss

Følg oss

Arbeidet med Kvinnherad2050

25. mai 2021 skal Kvinnherad kommune i Regionalt planforum med arealdelen til Kommuneplanen Kvinnherad2050. Regionalt planforum er ein stad der kommunen kan møte alle relevante offentlege mynde og få hjelp og innspel i arbeidet med planen ein held på med. Med i møtet tek administrasjonen og utvalde folkvalde med seg den kunnskapen og det arbeidet som ligg føre på det tidspunket. Planen er på ingen måte ferdig, men for å sørgje for at dei viktige tema vert handtert og med i planen. 

I møtet 25. mai tek Kvinnherad kommune med seg: 

I tillegg er det laga ein eigen kommunekart-klient for kommuneplanarbeid, det vil sei ei kartlenkje som viser arbeidet som kommunen jobbar med i kartdelen. I denne klienten er det lagt inn innspel frå innbyggjarar, innspel frå administrasjonen om moglege nye byggeareal, kunnskapsgrunnlag som må takast omsyn til og mykje mykje meir. Informasjonen som ligg her er stadig under utvikling, og etterkvart vil det ende i eit plankart som skal skal på høyring i løpet av hausten 2021. 

Oppå alt det som er nemnt over, kjem alle andre planar som kommunen har:

  •  Medverknadsprosessar
  • Kommunedelplanar
  • Temaplanar
  • Områdedetaljering og detaljreguleringar
  • Og mykje mykje meir. 
 

Her er lenkjer til ulike postlistesaker som kan vere av interesse:

Denne sida vil bli oppdatert med framdrift etter kvart. 

 

Shopping Basket