Vi vil ha dine innspel!

God medverknad frå innbyggarar, næringsliv, lag og organisasjonar er nøkkelen til ein god planprosess. Hugs at ein kommuneplan favnar om heile kommunen, både tematisk og geografisk.

For at vi skal få ein god plan for framtida, er det viktig at så mange som mogleg tek del i prosessen og kjem med innspel. Innspela kan vere generelle og retta mot samfunnsdelen eller strategiske arealinnspel, eller så kan ein kome med konkrete og stadfesta innspel om arealbruk. Om du har konkrete innspel om arealbruk, er det viktig at ein legg ved eit kart som viser innspelet. Kartet kan du lage på karttenesta til kommunen. 

 

Det er fleire måtar du kan gi innspel til kommuneplanen på:

  1. Du kan fylla ut skjemaet under.
  2. Du kan skriva ein e-post til kvinnherad2050@kvinnherad.kommune.no
  3. Du kan kommentera innlegg om ny kommuneplan på kommunen sin Facebook-profil.
  4. Du kan kommentera innlegg om ny kommuneplan på kommunen sin Instagram-profil.
  5. Du kan senda innspelet som vanleg brevpost.

Det vil bli opna for innspel når kommunestyret har fastsett planprogrammet, forhåpentlegvis etter møtet 23. mai. 

NB! Innspelet ditt er å rekna som eit offentleg dokument, og i tråd med Offentleglova skal alle slike dokument førast i vår offentlege journal. Les meir om offentleg journal her og om innsynsrett her

Mitt innspel til Kvinnherad 2050

Send inn forslag

Kontakt oss

Følg oss

Shopping Basket