Kulturminneplan

Vi ynskjer å ta vare på historia vår og fortelje om ho. Vi ynskjer å ta vare på gamle hus og fine løer, og vi ynskjer å formidle handverksteknikkar og lokale mattradisjonar til komande generasjonar. Slik har det vore i alle år, og slik kjem det til å være i åra som kjem. Korleis skal vi få dette til på ein varig og varig måte, og korleis skal vi velje kva som er viktigast? Kva for ressursar og kor mykje pengar må til for å verne om kultur og miljø slik at noko av det kan leve vidare? Kven skal syta for at dette skjer?  

Det trengs planar i kommunen vår, som vert forankra politisk, og det trengs gode og varige vedtak. Ansvar må takast og fordelast, og vi må alle syta for at det skjer. I lag får vi til det som lyt gjerast. Vi skal i år lage ferdig kommunedelplan for kulturminne i Kvinnherad kommune, gjeldande for perioden 2021-2029 

For å i kunne ta vare på og formidle historia vår, kulturminna og kulturmiljøa rundt om i kommunen vår på ein god måte, må vi kome fram til  korleis dette skal gjerast:   

  • Kva for kulturminne/kulturmiljø har vi? 
  • Korleis kan vi ta vare på og velge desse kulturminna/kulturmiljøa? 
  • Kva for kulturminne/kulturmiljø bør vi prioritere fyrst, og kva for kulturminne/kulturmiljø etter det?  
  • Korleis kan vi formidle historia om desse kulturminna og kulturmiljøa vidare? 

I programmet som vart vedtake i 2016, er det avklara korleis arbeidet skal gå føre seg, omfanget og innhaldet i planen, og kven som skal gjere det. Det skal samlast inn relevant kunnskap, som skal tolkast og bli til eit dokument – ein kommunedelplan for kulturminne. Handlingsdelen i kommunedelplanen skal vise kva ein skal gjere dei neste åra for å ta vare på dei kulturminna som er vald.  

Planprgrammet for kulturminneplanen kan du lese her:  Planprogram – kulturminneplan – fastsett

Medverknad frå folk i kommunen, frå organisasjonar, lag og foreiningar, og frå einskilde menneske er viktig for å få til ein god plan. Felles ansvar gir felles glede, og igjen gode resultat som mange får glede av.  

Det vil verta arrangert gjestebod, slik som det vart gjort i samband med kommuneplanen «Kvinnherad 2050». Dette skjer i mai og juni 2020. Vidare ynskjer vi å få til artiklar om kulturminne og kulturmiljø i ei av avisene, ein gong i månaden, frå alle bydane i Kvinnherad.  

Informasjon om, og formidling av sjølve planarbeidet vil gå føre på Kvinnherad kommune sine heimesider, på nettsidene til «Kvinnherad 2050», i sosiale media, og sjølvsagt i avisene her i Kvinnherad.

Kontakt oss

Følg oss

Shopping Basket