Kulturminneplanen «Syn for slikt» på høyring

Kommunedelplanen for kulturminne «Syn for slikt» for perioden 2021-2032 vert lagt på høyring og det er mogleg å kome med innspel fram til 21. oktober 2021.

SYN FOR SLIKT

Om du har syn for slikt

skal du finna

far etter menneske gjennom dalen

før oss

med blod og mold på hendene

og augo lyfte mot stjernene

før oss

Kåre Skaala

Galeas gurine. Foto: Bjarne Øymyr

Kvinnherad kommune skal ta vare på kulturarven i samsvar med utviklinga i åra som kjem.

Dette er hovudmålet for planen. Kulturminne er viktige spor frå fortida, men òg ein stor del av vår levande samtid. Kulturminne er ein del av identiteten vår og er med på å gje oss tilhøyrsle i notida, og gjev karakter til miljøet rundt oss. Difor er det viktig at kommunen som offentleg myndigheit vernar om kulturminna våre.

Kulturminne og kulturmiljø er ikkje fornybare ressursar, dei vert tapt for alltid om dei vert øydelagde eller fjerna. Gjennom historia har det vore mest vanleg å verna monument og praktbygningar. I dag vert det lagd meir vekt på å verne kulturmiljø og kulturminne knytt til vanlege menneske sine liv og virke. Kommunedelplanen tek utgangspunkt i at kulturminne er ein ressurs her og no, og ein ressurs vi forvaltar på vegne av dei som kjem etter oss.

Kommunedelplan for kulturminne vert eit politisk dokument, ein arbeidsreiskap for kommunalt tilsette og ei kjelde til hjelp og rettleiing for alle innbyggjarane i kommunen. Handlingsprogrammet for dei neste fire åra er kopla til planen sine mål, strategiar og prioriteringar. Planen omhandlar vidare ein gjennomgang av dei viktigaste formene og typane kulturminne i kommunen, ein gjennomgang av kulturminnefeltet og ei oversikt over korleis denne planen skal følgjast opp.

Det skal lagast ei nettside under «Kvinnherad2050», Kulturminne i Kvinnherad. Her skal ein finne kommunedelplanen, filmane som er laga, informasjon om kulturmynde, korleis ein søkje om løyver og får hjelp i samband med byggjesaker, kvar ein kan søkje om tilskot og oversikt over verneverdige kulturminne. Handlingsplanen skal vere lett tilgjengeleg, og ein kan kome med innspel til planen når det skal vere. Det vil òg kome nyheiter på denne sida, med bilete og tekst. Når eit prosjekt er ferdig, vil dette vere ein fin nyheit, og når planen skal rullerast og reviderast, vil dette kome tydeleg fram. Denne sida er enno under arbeid, men vil kome i drift etter at kommunedelplan for kulturminne er vedteke i kommunestyret.

Planen skal vera ei hjelp til forvalting av kulturminna, og då hovudsakleg dei faste kulturminna som ikkje har eit automatisk vern. Planen skildrar kulturminna, men med fokus på funksjon, tilstand og den rolla dei kan spela i utviklinga framover. Det gjeld historia slik ho vert aktualisert i samfunnsutviklinga vidare. For å sikra kulturminne og kulturmiljø etter plan- og bygningslova, må desse følgjast opp i reguleringsplanar, og takast med i kommuneplanen sin arealdel.

Det er ynskjeleg å få mange og gode innspel til denne planen. Alle innspel vil bli samla og vurdert, og ny og endeleg utgåve vil bli laga, for endeleg vedtak i kommunestyret.

Les, sjå på tabellane, sjå på bilete og på filmar. Kom med innspel!  Det er spennande å kunne kome fram til eit godt grunnlag, og slik ein planen som vil bli rullert og oppdatert årleg, og revidert kvart 4. år.

Ein stad der det er gode mogelegheiter for utvikling og vekst, der vil turistar og tilreisande elles gjerne kome på besøk. Kulturminna våre er uvurderlege i denne samanhengen! I Kvinnherad skal vi ta vare på kulturarven i samsvar med utviklinga i åra som kjem.

Dokument

Kommunedelplan for kulturminne 2021-2032 Høyringsutkast

Vedlegg tabell verdisetjing og vekting

Vedtak_01092021_KDP_Kulturminne

Film

Innleiing kulturminneplanen: https://www.kvinnherad.kommune.no/innleiing-kulturminneplan.561731.nn.html

Rekkjetunet på Eikenes: https://www.kvinnherad.kommune.no/eikenes.534316.nn.html

Stølar i Kvinnherad: https://www.kvinnherad.kommune.no/stoelar-i-kvinnherad.534317.nn.html

Gamlehuset på Dyrnes: https://www.kvinnherad.kommune.no/gamlehuset-paa-dyrnes.537870.nn.html

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket