Endeleg har kommunen fått ein revidert trafikktryggingsplan for Kvinnherad. Denne vart vedteke av kommunestyret i møtet 24.06.2021.Trafikktryggingsplanen skal gjelde fram til 2028, då er det nok tid for ny rullering. Planen inneheld ei oversikt over fysiske tiltak, men like viktig er haldnings- og organisatoriske tiltak. Planen er viktig for all trafikktrygging i Kvinnherad kommune, og skal nyttast aktivt i arbeidet med å gjere Kvinnherad kommune så trafikktrygt som mogleg.
«Ingen skal bli skadde eller drepne på vegane i Kvinnherad.»
Målsetjinga med trafikktryggingsplanen er å gjere Kvinnherad til ein trygg og attraktiv stad å bu og arbeide i. Under er ei oversikt over satsingsområda til kommunen:

Vidare har Kvinnherad kommune systematisert følgjande strategiar for å kunne arbeida mot at ingen skal bli drepne eller skadde i trafikken i Kvinnherad:
| Åtferd- og haldningstiltak | Tiltak |
| Trafikktryggingsarbeidet må rettast inn mot tiltak som kan endra uønskt og uheldig trafikkåtferd – særleg blant barn og unge | |
| Gjennomføre årleg «aksjon skuleveg» for barneskule elevar. | |
| Gjennomføre «TS-dag» på ungdomsskule og vidaregåande skule. | |
| Arbeide systematisk med åtferd- og haldningstiltak retta mot aldersgruppa 16 – 24 år. | |
| Fokus trafikantopplæring i skulen, barnehagar og hjå foreldra. | |
| Det er ynskjeleg med fleire kontrollar av trafikken nær skular. | |
| Etablere Hjertesone rundt alle skulane i kommunen. | |
| Kommunen vil arbeide for å skape medvit og informere om trafikktryggleik gjennom media som aviser, internett m.m. | |
| Regodkjenning som trafikksikker kommune, barnehagar og skular. | |
| Organisatoriske tiltak | Tiltak |
| Syte for at det vert satt av midlar til planlegging av heilskapleg gang- og sykkelvegar i kommunen. | |
| Kommunen si arealplanlegging må gje føringar for trafikktryggleik og må forplikte kommunen til å kvalitetssikre eigen planlegging. | |
| Ved planlegging av nye vegar eller utbetring på vegnettet må god og trygg framkomst for mjuke trafikantar prioriterast. | |
| Kommunen skal ha gyldig trafikktryggingsplan som støttar vilkåra for tildeling av statlege og fylkeskommunale midlar til trafikktrygging. | |
| Lage gatebruksplanar (ev. trafikkanalyse) i høve til gang- og sykkelnett i tettstadane i kommunen | |
| Kvinnherad vil ha samarbeid om trafikktryggleik over kommunegrensene, der dette er naturleg. | |
| Fysiske tiltak | Tiltak |
| Gjennomføre fysiske tiltak i tråd med innmeldte behov | |
| I vegvedlikehaldet vil kommunen ha vekt på trafikktryggingsomsyn. Det er viktig å arbeide for korrekt vegskilting, rydding i frisiktsoner mv. | |
| Ved utforming av fysiske trafikktryggingstiltak skal kommunen følgje prinsipp om universell utforming | |
| Det må leggjast større vekt på tiltak som hindrar dødsulykker og ulykker med alvorleg og varig personskade. |
Ei oversikt over dei fysiske trafikktryggingstiltak, finn de på karttenesta til kommunen under temakart.
