Lokale stadnamn digitalisert

Er du interessert i lokale stadnamn?
Då vil det kanskje interessera deg at eit stort arbeid no er i gong med å leggja inn tusenvis av stadnamn i Kvinnherad digitalt i kart. Dette er ein del av handlingsprogrammet til kulturminneplanen for Kvinnherad som no vert laga.
På 1970 talet vart det igangsett arbeid med innsamling av lokale stadnamn i Kvinnherad. Dette arbeidet vart leia av ei nemnd oppnemnd av kommunestyret og Universitetet i Bergen. I nemnda sat Oskar Guddal, Ragnvald Guddal og Torkjel Naterstad.
Kommunen vart oppdelt i deler, der personar med særleg god kunnskap om lokale namn var innsamlar/kontaktperson. Oppdelinga gjekk etter gardsgrensene og område dei lokale innsamlarane hadde ansvar for var eit eller fleire gardsnummer.
Det vart innsamla i overkant av 30 000 stadnamn på denne måten, noko som truleg gjer at det er få kommunar i landet som har ei tilsvarande samling.
Hausten 2020 starta Johan Feet å digitalisera desse 30 000 namna. Dette er arbeid som vil pågå ei tid, då arbeidet er tidkrevjande og blir gjort på dugnadsbasis. Namna vert lagt ut på Kvinnherad kommune si kartside under fana «Stadnamn» etter kvart eit gardsnummer er ferdig.
www.lokalnamn.no kan du følgja det makalause arbeidet Johan Feet no gjer!

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket