Miljøfyrtårn

Kvinnherad kommune er no godt i gang med arbeidet om å bli Miljøfyrtårnsertifisert etter hovudkontormodellen, og det er Rådhuset og Folgefonnsenteret som står først for tur 🌱👌
Miljøfyrtårn gjer oss smarte verktøy for å jobbe konkret med berekraft innan områder som arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport 🌍
Gjennom sertifiseringa skal vi jobbe heilskapleg, systematisk og langsiktig med tiltak som vil forbetre miljøprestasjonar, redusere klimagassutslepp – og bidra til ei grøn framtid. Samstundes får vi gode føresetnadar for å bidra til å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål.
Miljøfyrtårnsertifiseringa er og eit viktig ledd i arbeidet til Visit Sunnhordland om å få Sunnhordland sertifisert som Berekraftig Reisemål 💚
Vi gler oss over dette viktige arbeidet, og håpar å kunne inspirere fleire til å bli Miljøfyrtårn i Kvinnherad 👍🌳
                    

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket