Som del av områdeplanen for Sunde er det under utarbeiding ein moglegheitsstudie. Her kjem litt av det ein har sett på i denne!
Dette gjeld relativt enkle strakstiltak ein kan gå i gang med uavhengig av områdeplanen. Dersom Sundebuen får inspirasjon av dette, oppmodar vi gjennomføring. Her kan eldsjelar og/eller organisasjonar gjerne ta tak om dei vil!
I planprogrammet for Sunde, har ein både mål om trafikksikkeringstiltak og å skape attraktive uterom og møtestader i sentrale delar av Sunde. Dei viktigste fysiske elementa for å nå dette er:
- Ein samanhengande strandpromenade (som ikkje nødvendigvis grensar til sjøen alle stader)
- Trafikksikkringstiltak i Sundsvegen og Vågsvegen
- Fleire og betre uterom/ møtestader
Desse kan gjerne gå «hand i hand» slik at ein når fleire mål med eitt tiltak.
Forslaga vist i det vidare vil vere eit første steg mot det ein ønskjer å oppnå på Sunde på lengre sikt.
Meir informasjon om områdeplanen, og dei meir langsiktige tiltaka, kjem når planprosessen er kome noko lenger. I mellomtida håpar me forslaga til strakstiltak vil vere til inspirasjon!
Fint med planar!
Men kva skjer no?
Planprosessar tar tid.
Gjennomføring av planar like så.
For dei utålmodige er det difor her peikt ut nokre forslag til tiltak som kan setjast i verk allereie no – med mål om å synleggjere kvalitetane i Sunde for både besøkande og innbyggjarar. For å lukkast med gjennomføring av dei tilrådde tiltaka i denne fasa, vil ein nok vere avhengig av framleis stort engasjement og dugnadsinnsats frå Sundebuane.
FORSLAG 1:
ETABLERE EI KYSTKULTURLØYPE GJENNOM STRANDSTADEN SUNDE
MÅL I DENNE FASA: Synleggjere eksisterande kvalitetar og aktivitet i Sunde, og knyte desse betre saman.
Markere kulturløypa ved hjelp av informasjonsplankettar og gjenkjennelege element ved sentrale bygg og stader undervegs.
Informere om kulturløypa gjennom til dømes fysiske og digitale kart, arrangert turar med meir.
FORSLAG 2:
LINKE KULTURLØYPA MOT GRØNE OG BLÅGRØNE KVALITETAR
Ved sentrale tverrsamband: Informere om andre turmål i Sunde, som til dømes Kaldestadåsen, Fenafjellet, Trollskogen, Bjellandsneset, Holo, Storarøyso og Krabbahopen. På desse målpunkta kan det også informerast om kystkulturløypa.
Det kan også vurderast å etablera ei padleløype med ”sjekkpunkt” langs kystkulturløypa, slik at ein kan oppleve denne også frå sjøsida. Padleløypa kan utvidast også utover kystkulturløypa.
FORSLAG 3:
LEGGE TIL RETTE FOR OPPHALD OG AKTIVITET UNDERVEGS
Langs rutene bør det vere tilrettelagt for både opphald og aktivitet. Det vert mest naturleg å knytte seg opp mot det som allereie finst. Bergslagen, Sunde båthamn og Vågeminne vert såleis naturlege
utgangspunkt. Vidare vil møblering og opparbeiding av fleire punkt undervegs styrke heilskapen. Benkar, grillar, leikeapparat, informasjonsskilt, utsiktspunkt og markering av løypa undervegs er døme på dette.