Det har no vore takarbeid på gamlestova, som er ein del av det fine rekkjetunet på Eikenes.
Stova er truleg frå om lag frå 1600. Stova hadde torvtak fram til ca. 1860, og så i 1924, så vart skiferen teken ned, det vart lagt nytt sutak og jorden i taket vart teken bort. Det vart sett inn ein liten omn og murt ein liten skorstein då.
No har støtte frå Kulturminnefondet og midlar frå SMIL gjort at taket er ferdig restaurert. Byggmester Haakon Kvestad frå Nå har hatt prosjektet. No er gamlestova ferdig repartert og stova er klar for nye hundre år.