FJORDMETROEN – ei mogleg framtid?

Tida er inne for å tenkja store tankar om mobilitet i kommunen! Her finn du moglegheitsstudiet om Fjordmetroen i sin heilskap, samt ei lenkje til opptaket av webinaret halde om Fjordmetroen 08.12.2020.

  • Korleis knyter vi Kvinnherad best mogleg saman, på ein attraktiv, frisk og grøn måte?
  • Korleis skal vi røra oss i, til og frå kommunen?
  • Joggesko, sykkelbukse, buss utan førar, sjølvgåande elbåtar, ring eller spring…

Vart de nysgjerrige? For å sparka i gong arbeidet med overordna mobilitetsstrategiar (som er ein del av kommunedelplan for samferdsle), presenterar kommunen ein moglegheitsstudie som skildrar ei mogleg løysing for kollektivtilbod mot Bergen og ny E-39 på Os, kalla Fjordmetroen.

Fjordmetroen – er dette ei mogleg kollektivløysing i framtida?

Her finn du moglegheitsstudiet: Fjordmetroen_Kollektivsystem_Jon_Hamre

For dei som ikkje kunne vere med på webinaret som vart halde om Fjordmetroen, fortvil ikkje, her finn de opptaket av webinaret.

Som ordføraren nemner i webinaret, er dette berre ein av mange moglegheiter. No håpar vi alle kvinnheringar og personar med interesse for Kvinnherad, tek med seg dette studiet inn i jula og grublar ut nye og gode mobilitetsstrategiar. Arbeidet med overordna mobilitetsstrategiar tek for alvor til i 2021, og det vil bli lagt opp til ein omfattande medverknadsprosess.

Har du spørsmål knytt til kommunedelplan for samferdsle, overordna mobilitetsstrategiar eller Fjordmetroen, er det berre å ta kontakt med Hildegunn Furdal, hildegunn.furdal@kvinnherad.kommune.no.

Følg oss

4 Responses

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket