Endeleg er planprogramma for områderegulering av både Sunde og Rosendal fastsett og arbeidet med å planleggja framtida for Sunde og Rosendal fortsetter.
I kommunestyremøtet på Husnes 22.10.2020 vart planprogramma for tettstadane Sunde og Rosendal fastsett. Og så har du kanskje gløymt kva eit planprogram er, eller kanskje du ikkje har fått med deg at det føregår ein planprosess for bygdene? Slapp av, det er ikkje for seint å engasjere seg.
Eit planprogram er veldig kort fortalt ei oppskrift på korleis ein skal lage planen, kva tema som skal vere med, kvar plangrensa skal gå og liknande.
Her finn du lenkja til planprogrammet for Sunde tettstad. Planprogrammet er utarbeida av Norconsult.
Klikk her om du vil lese planprogrammet for Rosendal tettstad. Planprogrammet er utarbeida av 3RW Arkitekter AS.
No når planprogramma er fastsette, kan ein endeleg byrja å setja saman innspela som er kome inn i prosessen. Konsulentane arbeidar med å setje saman grovutkast for dei ulike planane. Det vil bli lagt opp til meir medverknad i tida framover. Mellom anna er det planar om kontordagar i dei ulike bygdene på vårparten. Meir informasjon om medverknad og innspelsmoglegheiter kjem seinare, så følg med på kommunen sine kanalar.
Har du spørsmål knytta til desse planane, er det berre å ta kontakt med Anne-Lise Næs: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no