Ny planstrategi vedteke – Kva vil det seie?

Kvinnherad kommunestyre vedtok i møtet 22.10.2020 planstrategien for perioden 2020-2023. Så kva er eigentleg ein planstrategi? Veldig kort fortalt: Det er ei oversikt over dei planane som skal prioriterast i ein kommunestyreperiode.

9. september 2019 var det lokalval i Noreg, og nytt kommunestyre vart valt i Kvinnherad kommune. Eit nytt kommunestyre har kring eitt år på å lage ei oversikt over kva planar som skal prioriterast dei fire åra kommunestyret skal sitja ved roret og styre kommunen. Denne oversikta vert kalla planstrategi.

Det er kommuneadministrasjonen som lagar eit forslag basert på dei planane kommunen held på med og dei signala ein får frå dei folkevalde. Når administrasjonen har laga forslaget, vert det sendt til dei politiske utvala for godkjenning, og endeleg godkjent vart planstrategien for 2020-2023 i kommunestyremøtet 22.10.2020. Så no er oppskrifta ferdig og forhåpentlegvis vil ein ha laga eit godt plangrunnlag for Kvinnherad kommune når 2023 går mot slutten.

Har du lyst å lese kva planar ein skal arbeide med i åra som kjem? Klikk her.

Er du framleis nyfiken på kva ein planstrategi er og har lyst å lese meir om lovverket bak ein planstrategi, er det berre å klikke her.

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket