Aktivitetskalendaren FRISKUS

Det nærmar seg lansering av den nye aktivitetskalendaren kvinnherad.friskus.com. Kalendaren har vore på plass ei stund, men covid-19 satte ein brems for den planlagde framdrifta og vi har difor ikkje gått aktivt ut til innbyggjarane med informasjon om friskus til no. Vi ser mange er i gang igjen med ulike aktivitetar og arrangement, noko som er særs positivt!  Sjølv om pandemien har endra mykje i kvardagen vår, og det truleg vil vere slik i lang tid, ser vi at mange er flinke til å finne gode og kreative løysingar i tilskipingar av ulike arrangement ol.

Vi har eit stort ynskje om at friskus-kalenderen skal vere full av kjekke arrangement og frivillige oppdrag når vi no skal introdusere friskus for kommunen sine innbyggjarar. I tillegg til å vere eit aktivitets- og frivilligheitsverktøy, medverkar friskus til å få ei oversikt over kva lag og organisasjonar, samt kommunale aktørar, som finst i Kvinnherad. Det har lenge vore eit ynskje frå både lag og organisasjonar, samt innbyggjarar å få ei samla oversikt over kva som skjer og finst av tilbod i kommunen vår. Det er difor viktig at alle som har oppretta grupper, har oppdatert kontaktinformasjon på desse, og tek friskus i bruk når ein har arrangement eller oppdrag ein ynskjer å nå ut til flest mogleg med. Etter kvart vil kalendaren rulle på skjermar rundt om i kommunen og målet er at den skal verta godt synleg.

Mange nyttar idag facebook, men vi ser at tidvis at algoritmar avgrensar moglegheita til å nå ut til alle. Om ikkje arrangementet er delt av venner, er ein avhengig av å følgje ulike sider for å få tak i informasjon. Om friskus vert ein naturleg del av kvardagen til kvinnheringane, vil det vere enkelt å nå ut til alle, uavhengig av om ein er del av sosiale forum eller ikkje. Friskus har i tillegg ein deleknapp til facebook og ein kan på denne måten opprette arrangementet sitt i friskus og laste dette direkte til facebook-sida etterpå. På denne måten slår ein to flåger i ein smekk! Vi vil bruke tid og ressursar på å nå ut til flest mogleg slik at det blir ei oversiktleg og god side som flest mogleg nyttar seg av.

Dei som var med på informasjonssamlingar og oppretta grupper i friskus i vinter, vil sjå at at friskus har kome med ein ny oppdatert versjon. Alle funksjonar skal no vere på plass og kalendaren har blitt meir brukarvennleg. Vi oppmodar dykk til å ta turen innom friskus og oppdatere arrangørsida dykkar. Har de planlagde arrangement legg dei gjerne ut i kalendaren!  Ynskjer nokon meir opplæring arrangerer vi fortsatt samlingar med informasjon- og brukaropplæring i verktøyet og det er berre å ta kontakt med anten Anja eller Veronica.

Vi har stor tru på friskus som aktivitetsverktøy og håpar vi saman klarar å fylle denne kalendaren framover.

Målet er å nå ut til flest mogleg slik at alle som ynskjer det kan vere aktive og ta del i det som skjer i Kvinnherad!

Ynskjer du tips til korleis ein kan få friskus.com som app-ikon på mobilen? Klikk friskus-som-app-pa-smarttelefon_.

Har du spørsmål knytt til FRISKUS?

Ta kontakt med Anja Thunold (960 46 848 , anja.thunold@kvinnherad.kommune.no) eller Veronica T. Thorsen (900 76 543, veronica.t.thorsen@kvinnherad.kommune.no).

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket