Trafikksikringsplanen på høyring

Endeleg er planforslaget til ny trafikksikringsplan ferdig. No er det moglegheit å kome med merknader fram til planforslaget – FRIST 15.11.2020.

Kommunen fekk inn over 200 innspel til ulike trafikktryggingstiltak i Kvinnherad. Fristen for å kome med innspel vart forlenga grunna situasjonen kring covid-19, med endeleg frist 18.mai. Mellom anna har bygdalag og FAU vore veldig flinke til å kome med innspel. I tillegg er det kome mange gode innspel frå private personar. Det er kome flest innspel på konkrete tryggstiltak på fylkesvegnettet, deretter kjem fysiske tiltak på kommunal veg. I tillegg er det kome innspel som går på private vegar. Eldrerådet har meldt inn andre typar innspel som går på haldningar, åtferd og opplæring – veldig bra!

Plan-, teknikk- og miljøutvalet gjort i møtet 08.09.2020 vedtak om å sende planen på høyring: det vil sei at planforslaget vert sendt rundt og ulike lag, organisasjonar, mynde og private har moglegheit å kome med merknad til planen.

Har du lyst å lese planen og sjå kva Kvinnherad som kommune og organisasjon skal ha fokus på og arbeide med dei neste åtte åra innan trafikksikring? Klikk her.

Frist for merknadar til planforslaget er 15.11.2020.

Merknadar kan sendast som e-post til Post@kvinnherad.kommune.no,

eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 ROSENDAL

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket