Bondhusvatnet, breen og båten er ikkje aleine om å skape merksemd til Mauranger og Kvinnherad. I byen Graz i Austerrike heng det for tida ei utstilling der Mauranger er representert! Nysgjerrig på kvifor?
I 2019 vart det gjennomført eit moglegheitsstudie for Mauranger av 3RW Arkitekter AS, tinga av Kvinnherad kommune. Arbeidet som 3RW gjorde i bygdene Nordrepollen, Austrepollen og Sunndal heng no på ei utstilling i Graz kalla «Country Life – Recent strategies for tomorrow`s rural living». Spanande!
Om du har lyst å lese meir om utstillinga, sjekk ut facebook-sida til 3RW Arkitekter AS.
Har du gløymt ut kva studiet viste?