Gamlahuset på Dyrnes er sommarhuset til Eva og Tor-Bjarne Tofte. Dei kjøpte huset for 25 år sidan og slik fekk familien frå Stord eit sommarhus på Borgundøy.
Eva og Tor-Bjarne har vøla og restaurert det gamle våningshuset frå år 1849, både utvending og innvending, og dei har i mange år hatt sommarlivet sitt her.
Det er vorte skrive bøker og måla bilete i Gamlahuset på Dyrnes. Gode frukostar er blitt fortært på milde sommarmorgonar, med ope glas og surrande bier. Ungar har leika, og dørene har vore opne for folk som kom besøk. Gamlahuset er eit sommarhus som mange er glade i, og som Tor-Bjarne seier: «Etter kvart som ein vart kjend med huset, så vart ein både meir glad i det og fekk eir respekt for det».
Bygget er typisk empire. Midt på 1800-talet, då bonde-empiren kom inn, vart dette huset bygd. Det har midtgang, kjøkken, kammers på sida og sal oppe. Vindauga på sørsida har hengsler på midten då det er utsett for vind og vêr. På nordsida finn ein den eldste bordkledningen og dei eldste vindauga då det her er minst drev. På sørsida er det anna farge på målinga og trenaglane.
Bli med til Dyrnes på Borgundøy, og opplev Gamlehuset – sommarhuset til Eva og Tor-Bjarne. Det er historia om ein familie som tek godt vare på eit kjært kulturminne; og ikkje minst – Gamlehuset på Dyrnes tek godt vare på familien!
Filmen om sommarhus i Kvinnherad er tredje filmen om kulturminne i Kvinnherad og er produsert av Merethe Offerdal Tveit. Filmen er meint som ein inspirasjon for arbeidet med kulturminne og plan for desse i Kvinnherad, og som eit døme på korleis nokon fører kulturarva vår vidare.
Ta gjerne kontakt med oss i kommunen, og bli med på arbeidet med denne kommunedelplanen. Alle kan delta.
Kontaktpersonar:
Anita Lykkja – anita.lykkja@kvinnherad.kommune.no
Kjartan Thoresen – kjartan.thoresen@kvinnherad.kommune.no