Brenn du inne med eit klima- og miljøtiltak?

Vestland fylkeskommune har ei tilskotsordning som skal fremja lokale initiativ til handling for ei berekraftig utvikling i fylket. Søknadsfrist er 15. september 2020.

Det vert gjeve støtte opp til 50.000 kr. for gjennomføring av prosjekt og tiltak, og det vert normalt gjeve inntil 50 % av total kostnad. Frivillige lag, organisasjonar, grendalag/bygdalag og velforeiningar kan søkja om tilskot. Så brenn du eller ditt lag inne med eit godt klima- og miljøtiltak, så søk!

Les meir om ordninga på fylkeskommunen sine nettsider.

Fylkeskommunen sine tilsette er veldig flinke til å svare på spørsmål, så ikkje ver redd for å ta kontakt med Ida-Beate eller Lene (sjå lenkje over for kontaktinfo).

Du på kva andre har fått tilskot for? Her kjem ei lita liste over nokre tiltak, kanskje dei kan inspirera:

  • Eit grønt ungdomshus, Feios ungdomslag, 30 000 kr
  • Jølstraauren – Kultiveringsprosjekt Kjøsnesfjorden, Kjøsnesfjiorden Grendelag, 20 000 kr
  • Bevaring gjennom skjøtsel, Naturvernforbundet Hordaland, 50 000 kr
  • Laboratorium for bærekraftige og demokratiske fremtider, Fremtenkt, 50 000 kr
  • Bybonden i Bergen, Stiftelsen Lystgården, 20 000 kr
  • Berekraftig og kortreist mat og kompetanse, Lønning Lutlandbruk, 30 000 kr
  • Diplom som assistent i lokalt klimaarbeid i Vestland fylke, FN-sambandet i Norge, 30 000 kr
  • Grøn Festival, Brak, 50 000 kr
  • Plastjakten Hordaland 2020, Naturvernforbundet Hordaland, 50 000 kr
  • Ta vare på det du har, Naturvernforbundet Hordaland, 40 000 kr
  • Klimafestivalen § 112 Bergen 2021 – Åpningsseremoni, Bergen Klimanettverk, 30 000 kr
  • Handlingskampanje for lokal bærekraft, Bærekraftige liv SA, 50 000 kr
  • Grøne Juniorjournalistar, Framtida Junior v/LNK, 50 000 kr
  • Biologisk mangfald, fordelt på 3 delprosjekt, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane, 50 000 kr
  • Plast Kystlotteriet, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane, 50 000 kr
  • Innsamling av piggtråd, Eidfjord kommune, 30 000 kr
  • Om i Morgen, 50 000 kr
  • Protect Our Winters Norge (Sogndal Chapter), 15 000 kr
  • Bærekraftige liv SA, 50 000 kr
  • Norsk Klimastiftelse, 100 000 kr
  • Naturvernforbundet Hordaland, 200 000 kr
  • Naturvernforbundet Sogn og Fjordane, 135 000 k

 

Del gjerne med andre personar, organisasjonar og lag der dette kan vere interessant – Lukka til!

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket