Sunde og Rosendal vert planlagt

Som de kanskje har fått med dykk, pågår det arbeid kring planlegging av Sunde og Rosendal sentrum, kalla områdereguleringar. I godt over eit halvt år har kommunen, konsulentar og innbyggarar arbeida med å avgrense og finne ut kva som er utfordringar og kva ein ynskjer å finne ut av. No er «planen for planen» klar for begge områda, og kommunen varslar at arbeidet med planen er i gong og at ein no kan lese igjennom planprogrammet. Planprogrammet er ein plan for korleis ein skal lage planen, kven som skal delta i prosessen, korleis og kva tema ein skal ha fokus på. Når planprogrammet er fastsett av kommunestyret, vil arbeidet med sjølve planen starte, og det vil bli moglegheit å kome med innspel.

Kommunen ynskjer ein god dialog med innbyggarane, så det er berre å følgje med, så får dei som vil moglegheit til å delta i planlegginga.

Kartet viser plangrensa for områderegulering for Sunde tettstad.

De finn meir om områdereguleringa for Sunde her.

Kartet viser plangrensa for områderegulering for Rosendal tettstad.

De finn meir om områdereguleringa for Rosendal sentrum her.

Har de innspel til nokre av desse planane, eller merknadar til planprogramma, kan dei sendast til post@kvinnherad.kommune.no, eller på brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 ROSENDAL.

Fristen for å kome med innspel er 19.06.2020.

Samstundes som det vert varsla oppstart, vert det òg varsla om at nokre eldre reguleringsplanar vert føreslått oppheva.

Har du spørsmål om prosessen eller planane er det berre å ta kontakt med Avdeling for samfunnsutvikling.

 

Anne-Lise Næs er prosjektleiar.

E-post: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no

Telefon: 476 79 967

 

Framheva bilete er teke av Sissel Haugen

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket