Eit av dei finaste kulturminna i Kvinnherad ligg inst i Mauranger.
Rekkjetunet på Eikenes i Gjetingsdalen har vore i drift i fleire hundreår, og framleis hoppar glade geitekillingar og små lam nedover bakkane på garden. Gardbrukarane Per Magne Eikenes og Åse Bratland fører kulturarva vidare i dag.
Bli med på ein tur til Eikenes i Gjetingsdalen ein solrik vårdag i april 2020. Høyr historia om garden og sjå kor fint det er ved Maurangerfjorden.
I samband med at Kvinnherad kommune arbeider med kommunedelplan for kulturminner, har det vorte laga ein liten film om eit av dei mange viktige kulturminna i kommunen vår. Garden Eikenes i Gjetingsdalen er eit rekkjetun i drift, og som er eit levande kulturminne viser eigarane kor viktig det er å føre arva vår vidare, ved å restaurere bygningane og formidle gardshistoria vidare.
Filmen er meint som ein inspirasjon for arbeidet med kulturminner og plan for desse i Kvinnherad, og som eit døme på korleis nokon fører kulturarven vår vidare.
Ta gjerne kontakt med oss i kommunen og bli med på arbeidet med kommunedelplanen for kulturminne. Alle kan delta. Sjå òg informasjon om gjestebod.