Gjeldande trafikksikringsplan for perioden 2012-2020 skal no rullerast og for at denne skal bli så bra som mogleg, treng kommunen vite kvar det må gjerast tiltak.
Ny frist for innspel: måndag 18. mai 2020
I arbeidet med kommuneplanen Kvinnherad2050 har det kome inn mange innspel som går på trafikksikring og trafikksikkerheit. Dette er tema og tiltak som Trafikksikringsplanen skal ta føre seg. Difor ynskjer kommunen å informere om at vi no varslar oppstart av rullering av trafikksikringsplanen og ynskjer innspel.
Eksisterande trafikksikringsplan vart vedteken i 2012 og planen skal no reviderast. Kommunen ynskjer å invitere skular, barnehagar, FAU, grendalag, eldreråd, ungdomsråd, enkeltpersonar, næringsliv, lag og foreiningar å kome med innspel til planarbeidet. Det er ynskjeleg med innspel på alle tilhøve som gjeld trafikksikring i kommunen. Dette kan vere; trafikkfarlege punkt/strekningar, åtferd- og haldningsarbeid, opplevd utryggleik, behov for skilting og redusert fartsgrense, behov for gang- og sykkelveg, fortau, vegbelysning, busshaldeplass, gangfelt og liknande. Det er viktig med skildring av ynskja tiltak og kvar det er – det kan gjerne visast på eit kartutsnitt kvar det er ynskjeleg med tiltak.
Ynskjer du å sjå gjeldande trafikksikringsplan, ligg denne på kommunen sin heimeside: https://www.kvinnherad.kommune.no/trafikksikring.453881.nn.html
For å markere staden for tiltak på eit kart, kan du nytte karttenesta til kommunen, kommunekart. I menyen kan du nytta verktyet «Tegn i kart» og markere kvar tiltaket trengs. For å lage ein pdf av kartet, vel du «Skriv ut».
Innspel skal merkast med «trafikksikringsplan» og sendast på epost til: post@kvinnherad.kommune.no eller pr. brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal. Innspel kan òg leverast skriftleg over disk på rådhuset.
Ny frist for innspel til trafikksikringsplanen: 18.05.2020
Har du spørsmål kring trafikksikringsplanen, er det berre å ta kontakt med Hildegunn Furdal: e-post hildegunn.furdal@kvinnherad.kommune.no eller telefon 906 78 429.
3 Responses
Hei.
Mottok denne e-post om høyringsfrist trafikksikringsplan 01.05.20.
Eldrerådet har møte 04.mai og 08. juni.
Møta våre er på Teams og eg ber derfor om å få utsett uttalefrist på trafikksikringsplanen til 15.juni. ?
Eg er takksam for positivt svar.
Mvh
Vidar Ask
leiar Eldrerådet
Ny frist for innspel til TS-planen vert måndag 18. mai 2020.
Når det gjeld Eldrerådet, tek vi det i møtet måndag 4. mai.
Lenge siden vi i Herøysund har hørt noe angående gang og sykkelstien som var høgt på tiltaksplanen deres. Hvordan går det med den?