Alle kommunar skal opprette eit ungdomsråd, og Kvinnherad kommunen er i gong med etablere dette viktige rådet. Vil du vere med?
Så kva er eit ungdomsråd?
Ungdomsrådet skal vere ungdommen sitt talerøyr ovanfor dei folkevalde (politikarar) og andre som tek avgjersler (eller vedtak). I tillegg skal ungdomsrådet kome med råd til dei som arbeidar i kommunen og til dei folkevalde. Det er ungdom som veit kva ungdom interesserar seg for og ungdomsrådet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom. Dei kan òg ta opp eigne saker.
Kva kan rådet avgjera?
Ungdomsrådet skal gje råd til kommunen. Det vil ikkje sei at kommunestyret alltid skal gjere det som ungdomsrådet vil, men det er viktig at kommunestyret veit kva ungdomen meiner før dei avgjer noko. Kommunestyret kan gje rådet i oppgåve å fordele løyvingar. Kva skal kommune bruke pengar på?
Kva saker skal rådet arbeide med?
Ungdomsrådet har rett til å uttale seg i saker som gjeld ungdom, som til dømes:
- Kultur- og fritidstilbod
- Skulesaker
- Helsetilbod
- Samferdsle og kollektivtilbod
- Miljøsaker
- Kommunen sitt årsbudsjett og økonomiplan
- Arealplanlegging
- Kommuneplanar
Aktivitetar og arbeidsoppgåver
Ungdomsrådet skal setje seg inn i saker som har noko med ungdom å gjere og handsame sakene i møta sine. I tillegg kan medlemma av ungdomsrådet til dømes
- bli invitert til å halde innlegg eller talar i ulike samanhengar
- arrangera samlingar for ungdom i kommunen
- prøva å påverke dei folkevalde, til dømes ved å fremja sitt syn i media eller andre stader
Er dette noko du kunne tenkje deg å vere med på?
Då ynskjer Kvinnherad kommune at du klikkar deg inn på lenkja til søknadsskjema og fyller inn så godt du kan. Frist for å søkje er 16. mars 2020
Vil du lese meir om kva eit ungdomsråd er, sjå lenkja under:
One Response
[…] Kva eit ungdomsråd er og korleis du kan bli med, kan du lese meir om her. […]