Det er ikkje vanskeleg å sjå at kvinnheringane er opptekne av kommunen sin.
Det har vore eit godt engasjement og det har kome inn mange innspel i perioden, noko som legg eit godt grunnlag for arbeidet vidare med kommuneplanen sin samfunnsdel.
I innspelsperioden har det vore gitt høve til å delta på ulike vis og gjort forsøk på å nå mange ulike grupper i Kvinnheradsamfunnet. Folk har stilt på folkemøte og bygdemøte, svart på undersøkingar, delteke på konkurranse på Instagram og halde gjestebod. Det har vore viktig å nå ulike aldersgrupper og folk i ulike livssituasjonar.
Det var ekstra spennande å prøve ut gjestebod som metode for første gong. Det vart halde gjestebod i Kvinnherad, Bergen og Oslo. Til saman 196 personar deltok, fordelt på 32 gjestebod. Yngste deltakar var 13 og eldste 88. Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært gode.
Innspela er samla i tre rapportar, og desse vil i stor grad bli nytta i vidare planarbeid.
For dei som er interesserte kan de lese rapportane her;