Planlegg for 2050 – Søk kulturtilskot i dag!

Tilskot til arbeid med kultur, idrett og friluftsliv vert gitt til medlemsbaserte lag og organisasjonar, opne ungdomstiltak, privatpersonar eller institusjonar. Føresetnaden er at desse driv frivillig/ikkje-kommersielt kulturarbeid for innbyggjarane i Kvinnherad.

Sjå meir om tilskotsordninga på nettsidene til Kvinnherad kommune: https://www.kvinnherad.kommune.no/tilskot-til-kultur-idrett-og-friluftsliv.465524.nn.html

Vi har fleire døme på prosjekt og idear som har vist eit stort samfunnsengasjement. I kommuneplanarbeidet har vi fått mange gode innspel knytt til utviklinga av kommunen vår. Kanskje du òg har ein god idé som treng starthjelp?

Du kan lese meir om kva vi ga tilskot til i 2019 her: https://www.kvinnherad.kommune.no/getfile.php/4643853.1216.pmlslwbtzuukm7/Tilskot+til+kultur+-+2019.pdf

Har du spørsmål kring søknad om tilskot? Send ein e-post til Kristian (kristian.helgesen@kvinnherad.kommune.no) eller til Anita (anita.lykkja@kvinnherad.kommune.no).

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket