Kvinnherad kommune inviterer til folkemøte om planlegging av Rosendal sentrum.
Tid: Tysdag 5. november 2019, kl. 16:30-20:30
Stad: Rosendal samfunnshus
Folkemøtet er del av prosessen med å lage eit planprogram for arbeidet med områderegulering for Rosendal tettstad.
Når vi no skal fastsette kva områdereguleringa for dei sentrale deler av Rosendal skal omhandle, ønsker kommunen å invitere til eit folkemøte. Folkemøtet vert ei viktig brikke i å sikre at planen vert relevant for staden, og tenleg for ei god vidare utvikling. Avgrensing av planarbeidet både geografisk og tematisk skal fastsetjast i planprogrammet, og er dermed framleis ope for diskusjon. Medverknad og krav til utgreiingar skal også avklarast, og det vert viktig å få oversikt over verdiar og interesser i området.
På folkemøtet vert det gjeve informasjon om planarbeidet, og det vert høve til å komme med innspel til plan for medverknad, tema for planarbeidet, planen si avgrensing, samt til program for utgreiingar og analysar. Det er utvikla fire ulike scenario for utvikling av Rosendal som vil verte presentert som utgangspunkt for diskusjon om kva utvikling ein ønsker for staden.
Program for kvelden:
Det vert leikekrok for dei minste i foajeen v/Rosendal Bygdelag. Foreldre med små born kan velje å trekke seg tilbake i kaffipausen, og me nyttar høve til å takke Bygdelaget for god hjelp!
Føremål med planarbeidet:
Tettstaden Rosendal skal vidareutviklast som eit attraktivt kommunesenter, med fokus på næring, bustad, kulturkvalitetar, turisme med nærleik til sjø, fjell, fonn, og med alle dei særkvalitetar som Rosendal har. Planen skal legge til rette for at uterom og offentleg rom får høg kvalitet, og det skal definerast areal til idrettshall og framtidig offentlege tenester. Områdeplanen skal fastsetje hovudtrekka til infrastrukturen og vidareføring av denne. Rosendal skal i framtida utgjere sin del av ein attraktive, frisk og grøn kommune.
Premissar for planarbeidet
Føringar for arbeidet med områderegulering er gitt i planstrategi for Kvinnherad kommune. Kommunen arbeidar for tida med ny kommuneplan, både samfunnsdel og arealdel. Gjennom arbeidet med kommuneplanen skal mellom anna Kvinnherad sin senterstruktur fastsetjast, og arbeidet med områdereguleringa for Rosendal tettstad forskotterer noko av dette ved å legge til grunn at Rosendal er kommunesenter.
Organisering av planarbeidet
Arbeidet er organisert med ei prosjektgruppe frå seksjon for kultur, næring og utvikling og frå teknikk og miljø. Prosjektleiar er Anne-Lise Næs, styringsgruppe for arbeidet er formannskapet, og følgjande aktørar er tiltenkt å vere del av ei referansegruppe for arbeidet: Rosendal Bygdelag, Omvikdalen bondelag, Rosendal Hamn, Rosendal Turnlag, Rosendal Utvikling, Rosendalstiftinga, Stiftinga Folgefonnsenteret, Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune og Skyss. Utførande konsulent for planarbeidet er 3RW arkitekter.
Prosjektgruppa legg til rette for folkemøtet og leiar møtet. 3RW arkitekter presenterer planprosjektet og ulike scenario, og organiserer aktiv medverknad.
Førebels plan for framdrift og vidare prosess
-
Planprogram på høyring og offentleg ettersyn: desember 2019
-
Fastsetting av planprogram: februar 2020
-
Utarbeiding av planforslag: januar – mai 2020
-
Høyring av planforslag mai – juni 2020
-
Eigengodkjenning av plan: oktober 2020
Ved seinare høyring og offentleg ettersyn av planprogrammet, vert det også høve for alle til å sende inn formelle, skriftlege innspel og merknadar til planarbeidet. Når planprogrammet er vedtatt og fastsett, skal sjølve planen lagast. Då vert det nye medverknadsprosessar med eit nytt folkemøte. I tillegg til møte og høyringar vil det verte høve for medverknad over Internett, med ei nettside for prosjektet. Her vert det informasjon om arbeidet der det vert opna for tilbakemelding.