Kjem du frå Uskedalen og vil høyra meir om Kvinnherad2050? Uskedal Utvikling inviterar alle i Uskedalen til folkemøte om ny kommuneplan, òg kalla Kvinnherad2050, tysdag 22.10.2019 kl. 19:00-21:00 i Gamleskulen.
Lurar du framleis på kva Kvinnherad2050 er, og kva er ein kommuneplan, samfunnsdel og arealdel? Har du lyst å påverka utviklinga i Kvinnherad?
Har du spørsmål, er det berre å ta kontakt med ein av oss på samfunnsutvikling. Og hugs: Tida er inne for å kome med innspel til samfunnsdelen og arealdelen. Frist for innspel er 31.10.2019. Vi vil ha dine innspel!