I samband med revisjon av kommuneplan for Kvinnherad kommune er strandsoneverdiane langs deler av kommunen kartlagt. Om lag 365 km kystsone er kartlagt. Arbeidet har omfatta tilrettelegging av eksisterande informasjon, analysar og feltarbeid.
Arbeidet er gjennomført av ABO Plan & Arkitektur Stord AS i samråd med Kvinnherad kommune. Prosjektmedarbeidarar i arbeidet har vore Turid Verdal, Karoline Eldøy og Åshild Blomdal. Metode for vurdering av funksjonell strandsone er utvikla i samband med Strandsoneplan – forstudie i regi av Samarbeidsrådet for Sunnhordland (2010).
I Kvinnherad kommune er strandsona ein viktig ressurs som grunnlag for busetnad, næring og friluftsliv. Utfordringar knytt til planlegging og forvaltning av strandsona ligg ofte i å balansere mellom bruk og vern av areala. Gjennom å kartlegga eksisterande inngrep i strandsona og definera funksjonell strandsone kan ein lettare skilja mellom område som bør sikrast vern og tilpassa bruk, og område som kan leggjast til rette for utbygging til bustad-, fritids- eller næringsføremål. Kyst- og øykommunar med mykje strandsone har tradisjonelt ei befolkning som set stor pris på tilgjenge til sjøen. Tilgjenge til sjø gjennom båtplassar, naust og tilrettelegging av busetnads- og næringsområde er såleis viktige trekkplaster for å oppretthalde folketal og aktivitet i kommunane.
Rapporten kan du lese her.
Temakart og bilete finn du her.
Rapporten og kartlaga som ABO Plan & Arkitektur har laga vil vere til stor fagleg hjelp i plansaker og forvaltningssaker.
Spørsmål knytt til rapporten kan rettast til: Kjartan Thoresen, tlf. 408 80 172, eller Hildegunn Furdal, tlf. 906 78 429.