Søkjer gjestebodsvertar

I arbeidet med Kvinnherad2050 er det veldig viktig at så mange innbyggjarar som mogleg får moglegheit å kome med sine tankar, meiningar og innspel til planen.

Gjestebod er ein metode med hensikt å få innspel til kommuneplanen frå innbyggjarar som vanlegvis ikkje deltek på tradisjonelle temamøter, og frå innbyggjarar som er spesielt råka av eit særskild tema. Det er fyrste gong gjestebod vert prøvd ut i vår kommune, og me er glade for at fleire kvinnheringar allereie har sagt seg villige til å stille som gjestebodsvertar. Det vil bli halde gjestebod i alle delar av kommunen og i mange ulike aldersgrupper. Det ligg an til å bli stor breidde innan både tema og gjester.

Gjestebodet føregår slik at ein person, gjestebodsvert, tek på seg å invitere inntil 8 andre personar heim til seg (eller samling på kafe, bygdalag…) for å diskutere ulike spørsmål og tema. Gjestebodet føregår utan kommunal deltaking. Avdeling for samfunnsutvikling har formulert spørsmål og problemstillingar med utgangspunkt i vedteke planprogram på bakgrunn av aktuelle tema i Kvinnherad i åra som kjem. Det skal ikkje krevje mykje planlegging å halde gjestebod, anna enn å setje av eit par timar til sjølve gjennomføringa samt å invitere andre  som ein kan diskutere problemstillingane med.

Dei gruppene me ynskjer å nå med denne metoden er:

  • Familiar
  • Innbyggjaar over 60 år
  • Unge vaksne med tilknyting til Kvinnherad som bur ute av kommunen grunna utdanning eller arbeid
  • Personar med ulike helseutfordringar (fysisk eller psykisk helse)

Ynskjer du å vere gjestebod, tek du kontakt med ein av oss på avdeling for samfunnsutvikling, så sender vi ut meir informasjon om det å vere gjestebod, samt eit skjema som skal rettleie deg gjennom praten. Fint om du seier kva gruppe du ynskjer å vere gjestebod for, men om du ikkje kjenner at nokon av gruppene passar deg og den gruppa du tenkjer å invitere, kan du likevel ta kontakt så får vi det til òg.

I etterkant skal innspela frå gjestebodet sendast til ein av kontaktpersonane ved avdeling for samfunnsutvikling eller til kvinnherad2050@kvinnherad.kommune.no (og sjølvsagt med sneglepost) der dei til slutt vert samla i ein rapport som skal nyttast som kunnskapsgrunnlag i det vidare planarbeidet.

Allereie er det fleire som har gjennomført eit gjestebod, og anbefalar det varmt til andre. Lukka til!

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket