Lyst på ny Ipad eller nytt headset?

Kva med å komme med innspel til ny kommuneplan, samstundes som du kan vinne ein splitter ny Ipad eller nye trådlause høyretelefonar med noice-cancelling? Freistar dette? Då kan du vere med i innspelskonkurransen som går føre seg på Instagram. Du kan lese meir om konkurransen og reglane her.

Vi er godt inne i fellesferien. Nokre nyt ferie frå skule, medan andre nyttar sommaren til å tene nokre ekstra kroner til eit nytt studieår. Fleire kvinnheringar har teke turen ut av kommunen og skapar minner andre stader. Uansett kvar vi er, tek vi med oss nye impulsar heim att og kanskje oppdagar vi noko som hadde gjort Kvinnherad til ein enda betre stad å leva?

Tidlegare denne veka tok eg turen sørover i kommunen for å finne menneske som utnytta finavêret på ulike måtar og for å oppmuntra til å koma med innspel til kommuneplanen Kvinnherad 2050.

I Herøysundet fann eg Ragnhild som var på veg ned til den flotte stranda som ligg ved båthamna. Rett og slett ein fantastisk stad med mange moglegheiter: strandvolleyballbane, stupebrett, sandstrand, gras, båtplasser og masse meir. Her samlast ungdomar for spele strandvolleyball om sommaren, mange kjem frå andre bygder enn Herøysundet.  Vidare hadde Ragnhild mange gode tankar kring Kvinnherad som kommunen, og eg råda ho til å koma med innspel til Kvinnherad2050, enten ved å posta innlegg på Instagram og festa emneknaggen kvinnherad2050 (eller kvh2050) på, eller nytta innspelsskjemaet som ligg på kvinnherad2050.no.

Badestranda ved båthamna i Herøysundet.

På Husnes industriområde var det stor aktivitet. Bilar med tilhengjarar stod i kø for å sortere og levere frå seg materiale som dei ikkje lenger trong i heimen, og eg vil tru mange garasjar og kjellarar fekk tilført nokre fleire ledige kvaderatmeter denne dagen. Lenger nede låg det lasteskip til kai og truckane køyrte flittig att og fram. Hydro Husnes har starta arbeidet med å få i gong Hall B, og på kaien var det stilt opp mange kar som kanskje skal inn i Hall B?

Yngvar starta sommarferien med å rydde i heimen. På SIM vart hengjaren tom og han var klar for ein ny runde.

I båthamna på Husnes traff eg ein kjekk kar som hadde mange innspel knytt til tilgjengeleggjering av strandsona og utviding av båthamna. Elles var han travelt opptatt med å ta i mot nye båtar som ville nytte seg av plasseringa og fasilitetane den flotte båthamna har å by på. Vidare traff eg ein sosial gjeng (både frå Sandvoll, Uskedalen og Etne) som nytte vêret og gode samtalar utanfor hovudbygning i hamna. Her dreide samtalen seg inn på helse og omsorg.

Havnesjefen for dagen i Husnes båthamn.

På brukthandelen Retro kan ein få kjøpt seg ny lampe og jakke samstundes som ein kan nyte godene ein finn i kafeen. Samtalen peila seg inn på tilgjengelege toalett i friluftslivsområda og klatremiljøet i Uskedalen.

Er planen å lage ein fantastisk pai av sommaren sine bær, men du manglar ei form? Ta turen til Retro og paien er sikra.
På Retro kan ein få ta i både jakker, lampar og ei vafla.

 

I Kvinnherad kryr det av flotte og engasjerte menneske, og det fins ikkje noko grunn til å ikkje koma med innspel. Bli med å forme Kvinnherad og vinn ein Ipad eller høyretelefonar i same slengen!

Harald set stor pris på innspel til kommuneplanen Kvinnherad2050, og delar med glede ut Ipad og trådlause høyretelefonar til nokre heldige.

Følg oss

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket