Kva er bra med kommunen vår?

Elevane ved 8.trinn på Husnes Ungdomsskule var på besøk på rådhuset i dag og deltok med innspel til kommuneplanen.

Ungdommane vart mottekne i kommunestyresalen og fekk orientering om, blandt anna, arbeidet som er i gang med Kvinnherad2050.

I samband med dette besøket vart dei gitt i oppgåve å komme med innspel til kva dei syns er bra med kommunen og kva dei tenkjer kan forbetrast i åra som kjem. Ein ting er iallfall heilt sikkert; det er stort og relativt breidt engasjement blandt ungdommen!

 

 

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket