Kick-off på Instagram

No skal vi forme Kvinnherad i lag! Endeleg er tida kome for innspel til Kvinnherad2050 – innspel til både samfunnsdelen og arealdelen. For å markere starten på  denne runden, blir det kick-off med ein Instagram-konkurranse.

Er du på tur utanfor Kvinnherad i sommar og får auge på noko som du kunne tenkt deg i Kvinnherad; ta eit bilete, skriv kvifor, og merk det med emneknaggen #kvinnherad2050 eller #kvh2050. Nyt du Kvinnherad og alt det vår eigen kommune har å by på, men finn at det manglar noko, noko er viktig å ta vare på eller ei anna bygd har noko som kunne vore perfekt andre stader i kommunen òg; ta bilete, skriv kvifor og sleng på emneknaggen #kvinnherad2050 eller #kvh2050.

Så kva kan du vinne?

Alle innspel som er merka med #kvinnherad2050 og #kvh2050, vil vera med i konkurransen om ein iPad frå Apple. Her vil ein jury samansett av ordførar, kommunedirektør, redaktørane i lokalavisene og samfunnsutviklarane vurdere og kåra ein vinnar. Hugs å skrive kvifor du kjem med innspelet.

Alle innlegg som er merka med #kvinnherad2050 og #kvh2050 og er posta til og med 01.09.2019, er med i trekkinga av eit Audio/Technica-headset.

Er du over 13 år kan du delta med eigen Instagram-konto, men er du under 13 år må du nytte føresette sin konto.

Døme: Beina var trøtte, var seint ute, men ein utleigesykkel redda dagen! Noko for Husnes og Rosendal? #kvinnherad2050 #kvh2050

Alle er hjartans velkomne til å kome med innspel til planen Kvinnherad2050. Korleis de kan gjere dette, kan de lese meir om her.

Følg oss

3 Responses

Legg att eit svar til Knut Hansen Avbryt svar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket