Barnetrakk på Sunde skule

05. juni vart det arrangert barnetrakk på Sunde skule for 4., 5. og 6. klasse.

Barnetrakket vart arrangert i samband med at Sunde skal vidareutviklast som attraktiv tettstad. I den samanheng skal barna få høve til å formidle kva som er viktig for dei, og på kva måte dei brukar sitt nærmiljø. Dette vart gjort ved at dei, i grupper, fekk nytta kart og tusjar til å markere kvar dei oppheld seg i nærmiljøet, kva dei likar og kva dei meinar kan bli betre. Elevane var svært engasjerte og hadde mange tankar om kva dei syns var viktig som absolutt er verdt å ta med seg vidare i arbeidet.

Rapporten kan de lesa her

Legg til ein kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shopping Basket