Korleis vil du ha det i vår kommune?
Attraktiv, grøn og frisk — dette er dei raude trådane i arbeidet vårt med ny kommuneplan for Kvinnherad. På denne nettstaden vil du finna oppdatert informasjon om planarbeidet, og viktigast av alt: Her kan du koma med dine innspel til korleis du vil ha Kvinnherad i 2050!
Samfunnsaktuelle saker
Kulturminneplanen «Syn for slikt» på høyring
8. september 2021
Kommunedelplanen for kulturminne «Syn for slikt» for perioden 2021-2032 vert lagt på høyring og det er mogleg å kome med innspel fram til 21. oktober 2021.
Ny trafikktryggingsplan for Kvinnherad
9. juli 2021
Endeleg har kommunen fått ein revidert trafikktryggingsplan for Kvinnherad. Denne vart vedteke av kommunestyret i møtet 24.06.2021.
Grøn næringspark Kvinnherad
18. juni 2021
Grøn næringspark Kvinnherad er under planlegging på Husnes og skal trekka til seg ny, berekraftig industri og næringsverksemd basert på vår rike tilgang på fornybar kraft. Bl.a næringar som: – Biogassproduksjon – Hydrogenproduksjon – Ammoniakkproduksjon – Batteriproduksjon – Havbruk – Datalagring All næring skal utviklast og tilpassast det grøne skiftet og FNs berekraftsmål. Sjå presentasjonsfilmen... View Article
Lokale stadnamn digitalisert
20. mai 2021
Er du interessert i lokale stadnamn? Då vil det kanskje interessera deg at eit stort arbeid no er i gong med å leggja inn tusenvis av stadnamn i Kvinnherad digitalt i kart. Dette er ein del av handlingsprogrammet til kulturminneplanen for Kvinnherad som no vert laga. På 1970 talet vart det igangsett arbeid med innsamling... View Article
Miljøfyrtårn
21. april 2021
Kvinnherad kommune er no godt i gang med arbeidet om å bli Miljøfyrtårnsertifisert etter hovudkontormodellen, og det er Rådhuset og Folgefonnsenteret som står først for tur Miljøfyrtårn gjer oss smarte verktøy for å jobbe konkret med berekraft innan områder som arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport Gjennom sertifiseringa skal vi jobbe heilskapleg, systematisk og langsiktig... View Article
Sunde tettstad – utviklingsmoglegheiter og strakstiltak
7. april 2021
Som del av områdeplanen for Sunde er det under utarbeiding ein moglegheitsstudie. Her kjem litt av det ein har sett på i denne! Dette gjeld relativt enkle strakstiltak ein kan gå i gang med uavhengig av områdeplanen. Dersom Sundebuen får inspirasjon av dette, oppmodar vi gjennomføring. Her kan eldsjelar og/eller organisasjonar gjerne ta tak om... View Article
#kvinnherad2050
Tagg biletet ditt på instagram med #kvinnherad2050 og dei vil dukke opp der!